Du er Daniel – av Lars Petter Sveen

Torsdag 25. februar spiller Daniel Berg Hestad sannsynligvis sin siste offisielle kamp i Molde-drakta, når Molde tar imot Sevilla på Aker Stadion. Berg Hestad debuterte for Molde allerede i 1993, og har med unntak av et kort opphold i nederlandske Heerenveen, spilt for moderklubben hele karrieren. I dette episke diktet går Lars Petter Sveen gjennom hele Berg Hestads karriere fram til 2014. «Du er Daniel» ble først publisert i Det litterære cupfinaleheftet 2014.

Les også Lars Petter Sveens dikt om Magne Hoseth.

Du er Daniel

Du er Daniel, og ein gong var du så ung
ein gong var du berre fars fotspor
ein som drøymte og dreiv
gjennom byen og over plena
over grusbana og kunstgraset og gamle stadion
du er Daniel og det er som om noko brenn
inne i deg, som om føttene og armane
og det tomme, gneistrande løveblikket
ikkje er deg, men oss, som om det er oss
som spring og spring og stangar og stangar
det er oss som riv sund forsvar, taklar ekstra hardt
når Rosenborg er på besøk
det er oss som scorar det avgjerande målet mot Olympiakos
som har rekka med sigrar fram til Røkkebussar og Carew og
Bislett stadion
det er oss som samlar på sølv
som nesten, nesten, nesten

Du er Daniel og alt er nesten
heilt til du dreg, heilt til du seier
nok er nok, eg må ut
eg må vekk
så du dreg ingenstad
låser berre verda ute
og tømmer deg sjølv i flaskar
sett deg i bilen og seier faen heller
faen heller faen faen heller
eg er Daniel
du er Daniel
og du kræsjar i ei gravemaskin
i ein sprut av glasskår og skam

Først to år seinare kom du deg vekk
du drog, og det var så mykje som vart borte
vi har nesten gløymt det no
men du kom tilbake
da klubben låg nede
du kom tilbake og såg at ting ikkje hang saman
du var med på å berge plassen og feire cupgull
men alt var i ferd med å løysne
du kunne vakne på natta og kjenne glasskår i ansiktet
høyre latter frå den mørke kroken borte ved vindauget
og rett over jul kjem det enda ein ny trenar
du kjenner han òg
alt er familie, alt er for nært
du vaknar framleis på natta, du spring aleine
opp gjennom skogen, opp mot fjella
for sjølv om Arild er ein gammal ven
veit du at han ikkje er den rette
du kan sjå det på blikket
på hendene, på munnen
og høyre det på den vesle pausa han tek før han seier
Det var ikkje godt nok i dag, Daniel
alt rasar saman

Vi rykker ned og du kjenner det same regnet
frå året du debuterte
du kjenner kor tung drakta kan vere
kald og blaut og skamfull
alt kjem til deg
som ettermiddagen du rykka ned første gongen
på gamle Molde stadion i 1993

Men dette er byen din, laget ditt
familien, klubben
du skal ikkje svikte no
du seier du er lei deg, du er oss
og du skal få oss opp, opp
dit vi høyrer heime
og så er du aleine
men tvilen får ikkje plass, du gir han ikkje rom
ikkje rom for å dra ingenstad
ikkje rom til å låse verda ute
ikkje rom for nesten
berre la dei snakke
kviskring og latter og den jævla klysa
så godt det skal bli å sleppe jævla mister Moldefaen himself
berre la dei snakke

For året etter er vi oppe igjen
den nye trenaren er god, han bygger eit nytt lag
det funker, vi gjer det vi skal
likevel kjenner du det på deg
du ser det på Kjell
han er nesten
han kan ikkje gå heile vegen
han kan ikkje følgje deg
dit vi alle drøymer om
denne draumen som er blitt eit mareritt, ei løgn
som får oss til å knekke saman i cupfinalen
mot Ålesund, verdas verste kamp
så dårleg at kven som helst kunne banka oss
og det gjer så vondt
ingen greier meir
neste sesong står vi og undrar på
om alt er over igjen
om alt berre enda ein gong var nesten

Du vaknar framleis om natta
tek deg til ansiktet, held deg for auga

Heilt til Uwe kjem
Heilt til Ole Gunnar kjem
og alt minner deg om da du drøymte og dreiv
gjennom byen og over plena
over grusbana og kunstgraset og gamle stadion
du er Daniel, og du vil ikkje drøyme lenger
det gjer for vondt, og Ole Gunnar
har noko anna, han fortel ei anna historie
ei du høyrer heime i
ei denne byen, denne klubben
endeleg høyrer heime i
du kjenner det i beina, kjenner det i magen
i ryggen, i hendene
du skal gå heile vegen
Ole Gunnar skal følge deg
laget skal følge deg
vi skal følge deg
og du følgjer oss
heile vegen fram
du er Daniel
og du vaknar ei natt av nokon som kviskrar ditt namn
du står opp frå senga
går bort til vindauget
og der, i den mørke kroken
ligg drakta frå da du debuterte mot Start i 1993
ho har vore borte så lenge
du var sikker på at ho var pakka ned, sendt bort, hengt opp, gløymt
eit minne, ein draum, ei løgn
lyden av bilen og smellet
og alle glasskåra og latteren

Du løfter drakta opp
tørker deg over ansiktet med ho og kjenner lukta
og høyrer Åge som roper frå sidelinja
ser alle på sittetribuna, alle på ståtribuna
høyrer songen og suset
og veit du er Daniel
det er her du høyrer heime

///

«Du er Daniel» ble først publisert i Det litterære cupfinaleheftet 2014. Vi har fortsatt igjen noen cupfinalehefter fra 2014. Tilbud: 100 kroner. Bestill heftet her.

Les mer om Lars Petter Sveen her.

Les flere tekster om Molde FK.

Magnes dans – av Lars Petter Sveen

Aker stadion – presentert av Endre Ruset

Brautende trøndere og innadvendte romsdalinger – av Bernt Hulsker

Fuggeln – av Arne Ruset