Fuggeln – Arne Ruset

Jan Fuglset spelte 93 kampar for Fredrikstad i tidsrommet 1967 -1972 og skåra 52 mål, toppskårar i eliteserien i 1971 med 17 mål. Spelte så for Molde 1973 – 1982, toppskårar i 1976, også då med 17 mål. Ein av dei få toppseriespelarane i Norge som har skåra 6 mål i same kamp, for Molde mot Strømsgodset i 1976. Totalt skåra han 109 mål i eliteserien. Han fekk 20 A- landskampar i tidsrommet 1970 -1974 og skåra 6 landskampmål.

(Jan Fuglset, gamle Molde stadion, haust, 1974).

Fuggeln står med hoftefest
ute på høgre flanke
ti meter inn på motstandars banehalvdel
strømpene er rulla ned
og kviler mot dei svarte Adidas-støvlane
leggmusklane buler som frodige åskammar
han står med hoftefest
og ser ikkje særleg interessert ut
han venter.

Fuggeln står med hoftefest
og venter
oppe i fuglefjellet på den støypte tribuna mot nord
sit resten av flokken
med spisse nebb som pikker i lufta
og snur seg frå høgre til venstre til høgre
etter spelet sin gang
men Fuggeln venter.

Fuggeln står med hoftefest
det er så mykje støy ute på banen
og i resten av verden
urytmiske rørsler og spenn og spark
til alle kantar
med inne i Fuggeln slår pulsen
han venter på at verdas puls skal slutte seg til hans
Noko skjer
det er noko som brått fell på plass
ein kakafoni som samler seg
og Fuggeln blir ein jaktfalk
som har fått eit tusendels sekunds glimt
av byttet.

Fuggeln står ikkje lenger med hoftefest.
Med eit rykk som ingen i verden kunne forutsjå
har han stupt seg av garde på ein hjartepuls
verden glir inn i rytmiske folder
skyene rivner over byen
nota blafrer i krysset.
Himmelen perforert av den susande kula.
Jorda perforert av hjarteslag.