Magnes dans – av Lars Petter Sveen

Diktet ble skrevet i forbindelse med cupfinalen mellom Molde og Rosenborg i 2013, og først publisert i Det litterære cupfinaleheftet 2013.

Magnes dans

Gode Magne Hoseth, det er november, vinteren er på veg

eg håper eg ser deg til neste år, når alt dette kalde og vonde er over

vi er stilt inn på England no

stilt inn på Spania, Italia, Tyskland, ja, sjølv Frankrike

berre denne eine kampen, og så er det over

Molde, Trondheim, Oslo

stjernane blenkar i natta, gatelyktene lyser heile vegen

frå Karl Johan opp til Ullevål og vidare ut i svarte natta

inn i det kalde, vonde mørket der noko susar og susar

som ein ball ingen har kontroll på

som ein kamp ingen bles av

slik det var da du løfta lærkula og trenaren og lagkameratane og alle oss andre

opp i krysset på graset i Lillestrøm

vi var i cupfinalen, den siste kampen, på overtid, på lånt tid

alle elska deg, alt elska deg

og så var det over, dusjen slått av, garderoba tom

meldingane på telefonen, duringa frå flymotoren

den kalde bilen, lyset i vindauga

vesle Molde og store livet

men kom igjen, kom igjen

kom igjen

ikkje bry deg om kor trangt det er, ikkje bry deg

om alt som set seg fast og luggar og riv og skubbar

kom igjen, Magne, ta eitt skritt hit, eitt skritt dit

olbogene ut til sida, fram og tilbake og fram

inn i det rommet der ingen er, få med deg ballen

og vis kven du er, kva du gjer

få dei til å reise seg, til å kjenne ditt namn, få alt dette i hamn

berre denne eine kampen, og så er det over

Molde, Trondheim, Oslo

stjernane blenkar over oss, vi er det vi er

og nokre gongar så mykje meir

Magne til Daniel til Mats til Mathias til Chima til Magne

og pang

så er det heile over, alt går vidare

mørket vil legge seg

lyset vil komme tilbake

Sveen-Lars-Petter

(Foto: J. M. Naglestad/Aschehoug)

Diktet ble først publisert i Olympiastadion – Det litterære cupfinaleheftet.