Lahti 2017 – Arne Ruset

Jean Sibelius fullførde
fleire femmiler på partituret
i dei finske skogane. Notane
hans vassa i meterdjup
snø over myrane, gleid mjukt
over islagde innsjøar, famla seg inn i
barskogens bekmørke med
sin kvitrima stokk.

Framleis flyt etterklangen av
melodiane som mektige vibrasjonar
av spenning over Lahti by.
Men no er det Marit Bjørgen
og Sergej Ustjugov som svingar
taktstokken

/

Les flere tekster av Arne Ruset:

Løklibakken in memoriam

Cecilia, Cecilia

Muhammad Ali

Hør Olympiastadions podcast: