Løklibakken in memoriam – Arne Ruset

Oppe i heiene ein stad, der Sunnmøre møter Romsdal, ligg ein bortgøymt dal mellom knausar og lier. I regnvåte vårmorgonar, eller på solvarme sommarkveldar, fløyter svarttrasten frå grantoppane i denne dalen. Seljekjerra bøyer seg i brisen. Og innimellom siglar hauken over ei snart attgrodd lysning i lendet, på jakt etter rov. Vinters dag er dalen inneslutta og taus. Knapt kråkene finn grunn til å gjere sin visitt, endå mindre folk.

Slik var det ikkje nokre vinterdagar i 1968, då Ørskog IL avvika norgesmeisterskap i kombinert og hopp nettopp her, i Løklibakken. For det året Beatles gav ut The White Album og Fred Anton Maier tok verdsmeistertittelen på Nya Ullevi, yra det nokre vinterdagar av folk i tusenvis i lia under Svartløkfjellet: Utøvarar, funksjonærar, publikum. Dei hadde latt seg skysse opp til Nysætra på Ørskogfjellet pr bil eller buss, frå sør og frå nord. Derifrå forflytta seg til fots langs løypene vestover, til den utbygde hoppbakken som kvilte i lia, i skuggen av fjellet.

Det hadde blitt hoppa i Løklibakken sidan trettitalet. På starten av sekstitalet blei anlegget bygd ut til K 77, og etter nok ei ombygging blei bakken tatt i brukt til eliterenn i 1965. Det lokale idrettslaget søkte, og fekk tildelt NM for 1968. Vinteren 1967 vart det avvikla prøve-NM. Gullalderen med Toralf Engan og Torgeir Brandtzæg held fram med den store, nye kongen Bjørn Wirkola, som framleis var på toppen av si karriere , tidlegare på vinteren hadde han vunne si andre hoppveke av tre på rad. Samstundes var det lokalt i ferd med  på etablere seg ein gjeng utfordrarar: Hans Jørgen Næss, Jan Olaf Roaldset og Ingolf Mork, den legendariske Hjelset-trioen. Men under prøve-NM var også japanske utøvarar inviterte. Kortvaksne og lette som fjører kom dei smilande i sola, dei hadde kvite skinnhanskar med raude soler på handbakane, dei var som eksotiske lykter i vinterdagen.

Yosuke Eto var den fremste av japanarane, ei ånd på hoppski, blidspent og spenstig som ingen andre. Men han vann ikkje rennet. Jan Olaf Roaldset hoppa bakken ned i begge omgangane, og toppa den endelege resultatlista.

Løklibakken var i utgangspunktet langt på veg ein naturbakke. Men etter som ambisjonane med anlegget steig, vart det av plank frå trauste sunnmørsfuruer bygd både tilløp, hopp og dommartribuner.

Overgangen blei dessutan djupna ut, dette dessverre med det resultat at sletta blei kortare. Det blei vanskeleg for hopparane å stoppe i tide. Av denne grunn blei det, også under sjølv NM, plassert halmballar ned mot gjerdet i enden av sletta, slik at ingen skulle kome til skade. Ein naturleg del av funksjonæransvaret, blei såleis å grave hopparar som hadde hatt stor fart ut av halmdungen. Eit anna risikomoment var vindtilhøva. Lumske vindkast kunne brått oppstå i bakken. Under eitt kretsrenn, tippa Ottar Lødemel frå Hornindal IL heilt rundt. Han kom seg til all lukke heilskinna frå luftferda.

NM i 1968 var nok til då eit av dei største sportsarrangementa som var halde i vårt distrikt. Bygdesenteret Sjøholt blei invadert av fjes med høg kjendisfaktor frå aviser og Sportsrevy. Alle innkvartert i private heimar, då det gamle og einaste hotellet i kommunen for lengst hadde innstilt drifta. Frå Nysætra blei utøvarane frakta med snøscooter knapt to kilometer vest til bakken. Publikum måtte gå, anten på ski i løypene, eller til fots langs opptrakka stiar i snøen.

Eg var elev ved Ørskog interkommunale realskule dette året. Vi hadde ein særs sportsinteressert kroppsøvingslærar, som også var med i arrangementskomiteen. Han hyra alle gutane i klassa som trakkegjeng i bakken. Lønna for dette, var at vi fekk henge i slepetau fram og tilbake frå bakken. Jobben var stri nok. Vi hang i rekkje etter eit grovt reip ned det stupbratte unnarennet og beintrakka underlaget. I prepareringa under prøvehoppinga vart vekta for tung, reipet slitna, og vi rausa alle saman nedover og vart liggande samanfiltra i ein stor haug nede i dumpa.

Dagen for sjølve rennet kom med fint vinterver. Landskapet vart omskapt til ei gigantisk maurtuve av myldrande hoppinteresserte. Bjørn Wirkola strauk Lypsylen ettertenksam over leppene, før han i vanleg smålåten stil svara på spørsmål frå Arne Porsum i Sportsrapporten. I bakgrunnen lurte Hjelset-trioen i sine skinnhjelmar. Funksjonærane jobba på spreng. Ein av dei møtte fram med ei brun handveske som inneheld tre toliterglas med heimebrygg. Han kom aldri så langt som til andre omgang, då han vart transportert tilbake til Nysætra på scooter i pausen. Antakeleg fekk han ikkje nye oppgåver i klubben.

Men alle løparane kom til andre omgang. Dette var før Gunder-metoden, og begge omgangane vart avvikla med dei same namna i same rekkefølgje. Oppdrifta kom og gjekk. Wirkola sette bakkerekord med 92 meter. Jan Olaf Roaldset tøygde seg ein meter lenger, men greidde ikkje å halde seg på føtene. Ein fryktlaus Lars Grini tok sølvet, medan stilhopparen Fridtjof Prytz fekk den siste plassen på pallen.

Om kvelden var det NM-fest og premieutdeling på eit fabrikklokale nede på Sjøholt. Det vanka både musikk og dans. På denne tida herja den nye farsotten La Postella, og Romika-skoa gjekk som trommestikker over parketten. Vi i trakkegjengen møtte talrike opp. Og medlemskapet gav ein viss status, eg fekk det store privilegiet å kline med ei av jentene i klassen min bak fabrikkveggen i pausen. Ute i hallen var det servering av kaffi, pølser og brus. Fleire av utøvarane gjekk lys levande blant oss. Og i ei blanding av pur idrettsglede og verknad av medbrakt Hansa på boks, steig både Lars Grini og Bent Tomtum opp på borda, spratt til vers og tok elegante telemarksnedslag på betonggolvet. Bjørn Wirkola, sjølvaste kongen, viste seg ikkje på festen. Antakeleg var han rett etter rennslutt allereie på heimveg, for raskast mogeleg å kunne trene meir.

Fleire renn vart seinare haldne i Løklia. Men på midten av syttitalet kom det ein snøvinter mildver og uvennlege vindar i området. Eit snøskred losna, og sopa med seg det meste av byggverket i bakken. Ingen såg seg syn med å bygge opp att alt det raserte.

Sist sommar gjorde eg ei pilegrimsvandring attende til Løklibakken.  Trakka meg gjennom myr og kjerr i det eg trudde var rett retning, men sleit med å finne staden. Etter mange rundar og mykje leiting, fekk eg inne i eit buskas auge på ei lita og falleferdig bu, blåmålinga på veggane var blasse, eit gult skilt med talet 3 var festa på vindauge. Utanfor bua låg mosegrodde plankar, morkne og heilt overgrodde av lyng og mose. No kjende eg att landskapet og kunne ane bakkekonturen.

Melankolsk seig eg ned på ein stubbe inntil det rotnande treverket. Med augo attlatne sat eg slik lenge. Etter ei stund kunne eg ane lystige sus i lufta. Og for mitt indre auge sigla Bjørn Wirkola, Jan Olaf Roaldset og Ingolf Mork i vakre kurvar over kulen.

bjorn_wirkolas_gullhopp_under_spesielt_hopprenn_liten_bakke_i_midtstubakken_vm_pa_ski_1966_5475786655
Bjørn Wirkola svever i Midtstubakken to år før Norgesmesterskapet i Løklibakken. Foto fra Riksarkivet (National Archives of Norway)

 

Les også: Seks dikt om den tysk-østerrikske hoppveka 1970 (til minne om Ingolf Mork) – Arne Ruset

Les også: Den tysk-østerrikske poesiuka 2016/17. Med Arne Ruset, Endre Ruset, Espen Tveit, Jo Torkjel Fenne, Tom Ingar Eliassen  og Tom Stalsberg