Prolog
Til Gud!
Når denne veng har gitt oss
kjensla av å henge, så hald oss her
i flukta over
endelause botnar
og øyeblikk som flotnar
Schattenberg, Oberstdorf. Ingolf Mork
Han lever her i dette svevet, han
landar aldri, aldri
skal han døy.
Han svever over alt og alle, himmelen
er han og jorda ligg der mørk
og sturen, han
landar på ei anna side av alt
Garmich-Partenkirchen. Youkio Kasaya
Det er eit hjarteslag i rytmen,
ei sol som vidar ut og smalnar inn,
ein fugl som stuper etter lyset.
Det er eit hjarteslag i rytmen,
ei oppdrift i den inste draumen,
fuglen berande sola på ryggen
Bergisel, Innsbruck. Bjørn Wirkola
Uforgjengeleg og tidlaus, lufta tom,
altet legg sitt himmelblåe teppe
over ryggen hans.
Han seglar ut i det som ikkje fins, og
langt der nede suget ifrå djupet,
undergangen, døden,
men han seglar over alt dette,
tar oss med på ferda, bergar
oss
Bishofshofen. Jiri Raska.
Tyngdekrafta løyser seg opp i ingenting, han
går ut av sin eigen lekam, han
blir eit stort segl som susar gjennom lufta, berande
ein stor løyndom på strake tau,
som ein stålstreng bivrar han
høgt over livet
Epilog
Det fins øyeblikk for alt.
I eitt øyeblikk slår Harald Berg
ei millimeterpasning inn i feltet.
I eitt øyeblikk syng Ray Davies den britiske kveldsola
ned over Waterloo Station.
I eitt øyeblikk går den vestnorske kveldssola
ned i gapet så alt lys skifter ham.
I eitt øyeblikk letter Ingolf Mork
frå hoppkanten, og horisonten
kan aldri, aldri bli den same.
–
Følg Olympiastadion på Facebook og Twitter!