Muhammad Ali – av Arne Ruset

Float Like A Butterfly

Sting Like A Bee

Det er denne tida på døgnet når

ei lysande kule går ned i horisonten,

slavekoret legg songen nokre tonar ned

og motstandaren dinglar i taua.

Men ennå blir ikkje det kvite handkleet

kasta inn, ennå

er det skuggekastande fjell

som stengjer for himmelen.

Menneskebarnet ropar ut si otte

mot den lyttande mora langt borte.

Gongongen tagal.

For å bryte gjennom dette

må det slag til, hooks,

uppercuts, svingslag frå høgre og venstre.

Morgongryet langt unna,

fridomen driv over dei nordamerikanske åsane

som sundrivne flak. Du

dansar for alltid i ringen.

Float Like A Butterfly

Sting Like A Bee

///

Les også: The Big Smoke – boksedikt om Jack Johnson