Cecilia, Cecilia – Arne Ruset

Cecilia, Cecilia,

seljeskog som skjelv, bjørkeskog

som blafrar.
Sitringar i fjellknausar, sitringar i sol

bak tunge fjell.
Cecilia, Cecilia,

kveldssola blør sitt naseblod over

tindane i vest. Ei binne
brummar brun og gyllen

i pelsen.
Cecilia, Cecilia,

rykket der oppe i fjellsida, skredet

som losnar, tunge dump av

kampesteinar
mot alt som står i vegen

Les også: Muhammed Ali – av Arne Ruset