Det spinnande hjulet – Arne Ruset

 

Hjulet, hjulet,
sjå kor det spinn og sviv,
sjå kor det trillar avgarde, mil
etter mil. Hjulet,

hjulet. Sjå
kor det løfter dei som ligg nede opp, sjå

kor det kuar dei som er ovanpå
ned

hjulet, hjulet, sjå
kor det rikkar dei som er på venstre sida mot
høgre og dei som er på høgre sida mot
venstre

hjulet, hjulet, dytter
dei som er straighte mot skjeiva og
dei som er skjeive mot
det straighte

og slik
snurrer det aldri stansande hjulet rundt
og rundt

forrykker det som er i stilling ut av
stilling og plasserer andre liv inn
i stilling

Hjulet over himmelen
hjulet over natta
Hjulet over dagen

Å, kor det løfter deg opp
dit sola er høgaste.
Å, kor det trekkjer
deg ned
der mudderet er djupaste.

 

Syklist. Poet. Sommelier. Intervju med Jostein Wang

6. etappe Abbeville – Le Havre

7. etappe Livarot – Fougères

8. etappe Rennes – Mûr-de-Bretagne

9. etappe Vannes – Plumelec

10. etappe Tarbes – La Pierre Saint Martin

11. etappe Pau – Cauterets

Kannibalen – Kjetil Almelid

Hjelperytteren – Tom Ingar Eliassen

Mens vi venter på Roche – Peder Samdal