eg gløymer aldri den morgonen
Kannibalen kom syklande inn
på soverommet mitt
på morgonkvisten
og nekta å gå
før eg hadde lova å skrive
noko om sykling
ok Eddy, her er orda mine:
morgonen kjem
eg ser desperat
frå kaffekoppen på bordet
og ut vindauga
men eg ser ingenting
ingen
ikkje noko anna enn meg sjølv
skyggetid er refleksjonstid
eg er ikkje den eg burde vere
det er så lett å forfatte seg sjølv
idag vil eg gjerne vere
den greske havguden Proteus
fordi han kan endre form
i kriser
eg følte styrken i deg
då eg mota meg opp
og møtte augo dine
elsk meg alltid
som i går
for det levande livet
er det viktigaste rittet
alt anna blir etterlikningar
eller for å seie det med orda
til han som sitt på ein sykkel
med navnet sitt på
ved sengeenden min
og nikkar
hevar tomlane
mens munnen krøllar seg
til noko som kan tolkast
som eit smil
-cycling is a good school for life
it makes you hard and gives you ambition
but you can never say you’ve arrived
–
Hjelperytteren – Tom Ingar Eliassen
Mens vi venter på Roche – Peder Samdal
Håvard Syvertsens hellige Bianchi
Syklist. Poet. Sommelier. Intervju med Jostein Wang
2. etappe Utrecht – Zélande -Jostein Wang
3. etappe Anvers – Huy – Jostein Wang
4. etappe – Seraing – Cambrai – Jostein Wang
5. etappe Arras – Amiens Metropole
6. etappe Abbeville – Le Havre