Ein plutseleg frigjerande pasning – intervju med Kjartan Fløgstad

Av Eivind Myklebust

Kjartan Fløgstad er ein aktiv syttiåring. Ikkje berre feirar han jubileumsåret med ny, storslegen roman, og med Fløgstad-seminar på Nasjonalbiblioteket og spelemannsfest på Nasjonal Jazzscene. Han reiser også til Brasil for å skrive bok om årets fotball-VM. Når jubilanten attpåtil skal innom Russland og Nord-Noreg før meisterskapet tek til, er det vanskeleg å få tid til eit vanleg intervju. Men Fløgstad tek seg tid til å svare på nokre spørsmål, medan han pakkar kofferten.

Trekk ifrå sytti år, og året er 1944, då Kjartan Fløgstad var fødd i Sauda. Det er krigstid og midt i ei tolv år lang periode utan VM-arrangement. Det var seks år sidan sist VM blei arrangert, i Frankrike, der Italia forsvara gullpokalen dei vann på heimebane fire år tidlegare. I 1944 var det også seks år til neste VM skulle bli arrangert, også då i Brasil, der vertsnasjonen tapte finala mot den vesle naboen i sør, Uruguay – ei hending som har gått inn i historiebøkene under namnet «Mirakelet på Maracanã». Fløgstad er med andre ord fødd midt i ei VM-tørke, men oppvaksen i ei tid der både verdsfreden og fotball-VM skulle stablast på beina igjen. Men kva slags fotballspelar var Kjartan sjølv? Ein driftig indreløpar? Spydspiss? Midtbanestrateg? Eller ein noko forkomen venstreback?

KF: Eg var meir ein treg, men ivrig høgre half som sprang rundt på midtbanen i lange sommarkveldar og sparka etter alt som rørte på seg. Min siste innsats som fotballspelar gjorde eg som innbyttar på bedriftslaget til Nationaltheatret. Lagnamnet «Over Ævne» er nok passande også for fotballkarrieren min.

På Nasjonalbiblioteket sitt Fløgstad-seminar helsa tidlegare VM-biograf Dag Solstad jubilanten. Det same gjorde oddingen Marit Eikemo, som heldt foredrag om nedlagde industribygg og samtidsruinar. Etter foredraget kommenterte Fløgstad – med minst eit snev av motlause – at oddingane alltid var betre enn saudabuane i alt.

EM: Det var gjerne fotball du tenkte på?   

KF: Slik var det. Odda hadde Roger Albertsen og det eine med det andre. Sauda sitt bidrag til toppfotballen strekk seg ikkje lenger enn til at Svein «Matta» Mathisen var fødd på Sauda Sjukehus i 1952.

Fløgstad har skrive fleire reiseskildringar – mellom anna frå Svalbard, Kina, Argentina, Chile og Bolivia. Faktisk har Fløgstad også allereie ei VM-bok i bibliografien sin. Himmelblått VM i sør var Gyldendals julebok i 2010, og er bygd opp av artiklane han skreiv om meisterskapet i Sør-Afrika for Dag og Tid. No står Brasil for tur, og denne gongen reiser han saman med sonen Aslak Nore, som også er forfattar. Nore har skrive både sakprosabøker og ein kriminalroman, og er i tillegg forlagsredaktør og journalist.

 EM: Forfattarfar og forfattarson i fotballoppdrag på framandt kontinent. Det høyrest nærast for godt ut til å vere sant. Kva slags utfordringar ser du føre deg? Korleis har du førebudd deg?

KF: Det gjekk fint i Sør-Afrika, og då var eg ikkje akkreditert. I Brasil har vi full pakke frå FIFA, og dei praktiske utfordringane blir lette å finna ut av. For å førebu meg, har eg sett meir tevefotball enn eg gjer til vanleg denne vinteren. Eg har også følgd med i latinamerikansk presse, til dømes i brasilianske aviser og magasin som Veja og Folha, og i TV-kanalar som Globo Sport. Eg reiste også i Colombia og Ecuador i mars, og prøvde å lodda fotballstemninga der. Elles har eg sjølvsagt førebudd meg ved å lese. Eg har til dømes lese – eller lese om igjen – bøker av forfattarane David Winner, Jonathan Wilson og Simon Kuper. Også klassikarane til Fredrik Ekelund og Oswaldo Bayer har eg lese. Men eg tek ikkje med så mange bøker i kofferten når eg reiser ned. Ser heller kva eg finn der nede.

Svensken Fredrik Ekelund har skrive klassikaren Sambafotball – en bok om Brasils nasjonalsport, som endeleg er komen på norsk på Pelikanen Forlag, med føreord av Egil «Drillo» Olsen, og etterord av nemnde Simon Kuper. Fløgstad står sjølv for ein av «blurbane» til boka: «Eit obligatorisk referanseverk for alle som har eit hjarte i Brasil, og i fotballen». Men om svensken si bok er obligatorisk, så er det likevel ein danske som har skrive Fløgstad sin favoritt i «fotballbok»-sjangeren.

KF: Eg vil trekka fram Fotballengelen av Hans-Jørgen Nielsen. Aller mest var det ei openberring å lesa essayet som har gitt boka namn. Det var trykt i Information, og eg meiner tittelen var: «Henning Jensen scorer på Wembley».

Øyeblikket som ble til essayet: Henning Jensen scorer mot England.
Øyeblikket som ble til essayet: Henning Jensen scorer mot England.

Nielsen var forfattar og kritikar, og eit sentralt namn i dansk modernisme. Han gav ut ei rekkje essaysamlingar, men er nok mest kjend for romanen som Fløgstad trekk fram, Fodboldengelen frå 1979, som kom på norsk i 1993. Romanpersonen Franke har etter seiande sitt verkelege førelegg i Henning Jensen (i tillegg til Frank Arnesen – ein annan dansk fotballspelar). Til liks med Nielsen er ikkje Fløgstad berre ein driven romanforfattar. Han er òg ein røynd sakprosaforfattar. I essayistikken hans er det ein god dose av diktaren Fløgstad, nett som det er ein god dose av essayisten i diktinga hans. I Himmelblått VM i sør er nettopp det poetiske framståande, med «ein plutseleg frigjerande pasning» og «forsvar som skal opna seg», for berre å nemne eit par av mellomtitlane.    

EM: Boka de skriv vil truleg vere meir sakprosaisk enn reint poetisk. Men er også diktaren med til Brasil?

KF: Her har eg ingen programerklæringar. Eg ser kva eg finn, kva som spelar seg ut på og rundt banen, og kor mine eigne erfaringar eventuelt spelar inn.

EM: No var ikkje Himmelblått VM i sør utan politiske perspektiv, men det blir kanskje meir av det denne gongen?

KF: VM i Sør-Afrika var overraskande idyllisk. I Brasil ser det ut til at politikken vil pressa seg på, meir direkte og meir dramatisk. Det er i så fall endå ein god grunn til å reisa og skriva derifrå.

Sjelden vare. Kjartan Fløgstads VM-bok fra 2010.
Sjelden vare. Kjartan Fløgstads VM-bok fra 2010 i Sør-Afrika.

I 2013 demonstrerte meir enn 100 000 menneske mot VM i gatene i Rio. I 2014 var det derimot berre 2000 oppmøtte i ein av gateprotestane i São Paulo. I tillegg til kriminaliseringa av demonstrasjonar, er nok brutaliseringa i politiet ei forklåring på at demonstrasjonane har krympa. Frå offisielt hald heiter det at protestane vil roe seg etterkvart som meisterskapet nærmar seg, og at befolkninga vil finne attende til fotballgleda. Det er nok ikkje fotballen folket protesterer mot, men heller pengebruken i apparatet rundt den. I São Paulo gjekk anarkistar side om side med lærarar og bussjåførar, og sjølv om det var færre som stod bak plakatane, bar dei likevel klåre bodskapar: «We want quality schools and hospitals / Fuck the world cup».

EM: Har du nokre tankar om kva slags følgjer arrangementet kan få i Brasil?

KF: I heile Latin-Amerika har politiet og det militære vore ein stat i staten, og dei har ei svart historie. I mange land er det like risikabelt å ha kontakt med ordensmakta som med dei kriminelle. VM i Brasil blir også ein stor prøve på om styresmaktene har kontroll over det statlege valdsapparatet.

EM: Du kjenner kontinentet godt, men kva land kjenner du best?

KF: Eg har budd i Argentina, Chile og Mexico i lengre periodar, og kjenner landa godt. Men Mexico har eg eigentleg aldri sett på som eit fotball-land. Dei to andre derimot, er vel begge blant favorittane i VM, men samstundes i outsidersjiktet. Når det gjeld Brasil, er det eit heilt enormt land – og eit halvt kontinent eg ikkje kjenner særleg godt. Men eg har vore innom dei største hamnebyane mange gonger, frå Recife i nord til Rio Grande do Sul i sør. I tillegg har eg vore i Ouro Preto inne i Minas Gerais.

VM-kampane skal spelast langs heile austkysten, frå Fortaleza litt nord for Recife til Porto Alegre heilt sør i delstaten Rio Grande do Sul. I tillegg blir det spelt kampar nokre stadar i innlandet.

KF: Denne gongen drar eg nordover til mellomrunden, tenkjer eg, til Salvador i Bahia. Vidare prøver eg å få med meg ein kamp i Cuiabá i Matta Grosso. Vi får sjå korleis det blir. Eg har søkt kampakkreditering i Belo Horizonte og Porto Alegro òg.

Både far og son held med Argentina, som spelar sin første kamp mot Bosnia-Hercegovina på legendariske Maracanã i Rio de Janeiro. Kampane mot Iran og Nigeria skal spelast nettopp i Belo Horizonte og Porto Alegro. I tillegg til Argentina deltek Colombia, Chile, Ecuador og Uruguay frå det latinamerikanske kontinentet.

Argentina er favorittlaget til både Fløgstad og Nore.
Argentina er favorittlaget til både Fløgstad og Nore.

EM: Ein kunne tru at outsiderane Chile var meir din type. Kva er det ved Argentina som fascinerer deg?

KF: Nokre land er fotball-land meir enn andre. Argentina er eit slikt land, der fotballen er djupt og inderleg innvevd i samfunnet. Eg har aldri opplevd Chile på denne måten. Og dagens gode chilenske landslag er då også skapt av ein argentinsk trenar frå Bielsa-skulen. Men i tillegg til Argentina skal eg også halde eit godt auga til Ecuador.

Jorge Sampaoli blei tilsett som trenar for Chile mot slutten av 2012. Som ungdom var argentinaren defensiv midtbane i Newell’s Old Boys, men skader sette raskt ein stoppar for karrieren. Som trenar er han offensiv i tankegangen, og tydeleg inspirert av Marcelo Bielsa, som Fløgstad seier. Bielsa trena både Argentina og Chile før han sjarmerte fotballverda med Athletico Bilbao. Argentina er på si side leia av Alejandro Sabella, som tok over etter Maradona i 2011. Han gjorde raskt Messi til kaptein, og bygde laget rundt han. Under Maradona var den argentinske troppen prega av konfliktar. I Himmelblått VM i sør nemner Fløgstad til dømes konflikten mellom Riquelme og Palermo: «Riquelme slår ikkje gjennombrotspasningar til Palermo. Tilhengarane, «los hinchas», støttar Riquelme, blodfansen, «la barra brava», Palermo. Som mange vil vita, har Riquelme sagt nei til landslaget. Vonde tunger hevdar at Maradonas hemn er å ta rivalen Palermo med til Sør-Afrika». No har Palermo lagt opp, og Riquelme, som blei teken inn att i varmen av Sabello, er nok ikkje aktuell i år. Men er det konflikter i det nye laget?

KF: Denne gongen har polemikken rundt det argentinske landslaget stort sett handla om Carlos Tévez. Trenar Sabella sa tidleg i vinter at jo visst er Tévez god, men… Så blei det eit større og større men… Var det opp til meg, hadde også Tévez fått turen til Brasil.

EM: Aslak Nore har Bosnia-Hercegovina som sitt europeiske lag, med historiske og symbolske grunnar. Følgjer du noko europeisk lag?

KF: I tankane vil eg i alle fall følgje det engelske laget ut på banen i Manaus, i Amazonas, der dei møter Italia. Det kallar eg ein tøff start!

Ein stor del av Fløgstad sin nye roman, Magdalenafjorden, føregår i Spania. Her skriv han om Franco-diktaturet, om den katalanske forfattaren og journalisten Josep Pla, og om språksituasjonen i Barcelona og resten av landet. På spørsmål om kva han meiner om det spanske landslaget, er svaret kort og fyndig:

KF: Som alle veit, vann Barcelona sist VM under dekknamnet Spania.

Hvilken rolle vil David Villa spille under VM?
Hvilken rolle vil David Villa spille under VM?

Det er mange dekknamn i Magdalenafjorden. Mellom anna dukkar romanpersonen Narcís Vidal opp, ein asturiansk gruvearbeidar med kallenamn som «Prinsen av Asturias», «Paco» og «El guaje». I gruvene får han røynsle med «undergravande» arbeid, noko han følgjer opp som sabotør i kampen mot Franco-regimet. Som mange vil vite, deler han kallenamnet «El guaje» med David Villa, som også dukkar opp i ei slags litteraturliste mot slutten av romanen, i kapitlet «Vandrehistorikarar». David Villa kjem også frå Asturias, men finst det fleire band mellom dei?

KF: Det er godt å ha årvåkne lesarar! «Guaje» betyr gutunge på bable, som er språket i Asturias. David Villa har vore med på målstrevet for å gi bable offisiell status som eige språk.

Motstandskampen mot fascismen, som Narcís Vidal deltek i, er altså kopla til motstandskampen mot språkleg einsretting og undertrykking av minoritetsspråk, som David Villa deltek i. Villa har, som alle veit, målteft, og det viser seg altså at han spelar på fleire baner samstundes. «Gutungen» gjer også vel for andre gutungar: Kvar sommar skipar han til fotballskule for ungar i heimbyen, skriv Fløgstad i Magdalenafjorden. Ein sympatisk type, med andre ord. Ein annan spiss med målteft, men som for mange – inkludert underteikna – har færre sympatiske trekk, er Luis Suárez. I førre VM var han involvert i ein kontroversiell episode, der han nytta handa for å stoppe ballen på målstreken. Stillinga var då 1-1 mellom Ghana og Uruguay, og det var heilt i avslutninga på ekstraomgangane i ein svært dramatisk kamp. Ghana fekk straffe, men Asamoah Gyan sende ballen i tverrliggaren. I den påfølgjande straffesparkkonkurransen gjekk Uruguay av med sigeren, og vidare til semifinale. Her overraskar Fløgstad:    

KF: Når det galdt kampen Ghana-Uruguay, var sympatien her i huset eine og aleine på Suárez si side!

Luis Suarez redder på streken mot Ghana i 2010.
Luis Suarez redder på streken mot Ghana i 2010.

Hjartet for dei latinamerikanske laga bankar med andre ord kraftig, og i Noreg er det Skeid det bankar for.

EM: Følgjer du nokre andre klubblag?

KF: Eg sjekkar tabellane for dei tre øvste norske divisjonane kvar måndag. Men det er Skeid som gjeld, og det blir mange tunge stunder når Skeid er innblanda.

Skeid har hatt ein tøff start på årets sesong, som nyopprykka til 2. divisjon. Med berre ein siger på seks forsøk er det heller tvilsamt om laget blir å sjå i dei øvste divisjonane dei komande åra. Då har nok Fløgstad større grunn til å sjå fram mot VM, der Argentina er klåre favorittar i gruppe F.

Vi takkar for praten, ynskjer jubilanten til lukke med syttiårsdagen, og lukke til i Brasil.

Les også:

Olympisk samtale med Per Olov Enquist

En tribunesliters kamp – intervju med Jan Erik Vold

Følg Olympiastadion på Facebook

Følg Olympiastadion på Twitter