Minne om Mika – av Bjarte Wathne Helgesen

Ein tidleg julidag i Karleby ror Mika Kristian Myllylä over den metaforiske elva, over til gløymselens breidd, med vodkaflaska i revolverhanda og revolveren i nattbordskuffa.

Eller var det motsett veg du rodde? For me hugsa deg då, Mika, på denne julidagen hugsa me deg vagt. Me hugsa kanskje ikkje heilt kor mange L-ar det er i etternamnet ditt, me hugsa ikkje nøyaktig kor mange VM-gull du tok, kor mange OL-gull. Men me hugsa deg på denne dagen. Me tenkte nok vårt.

Dei sa du hadde kjøpt ein revolver, Mika. Dei sa du sleit med ditt. Me tenkte jo vårt. Men dei sa det var ei ulukke. Så blei det stille. Dei er jo så stille, finnane.

Me har framleis ikkje gløymd deg, Mika, ikkje heilt. Me hugsar kanskje ikkje på ståande fot kva år du forlét oss. Me hugsar nok ikkje ganske om det var du som rauk først, eller om det var Jari, eller om det var Harri. Det er ikkje så lett å halde forskjell på finnar. De er så stille.

Men me har framleis ikkje gløymd deg. Me såg deg jo på Gutta på tur, var det på slutten av 90-talet? Me har deg på VHS. Du tok deg godt ut der, Mika. Me likte deg, me nordmenn. Fordi du verka sympatisk, og fordi du ikkje var like god som Bjørn. Ikkje eigentleg. Ingen var jo det.

Men me gløymer deg lenger og lenger mellom kvar gong me hugsar deg, Mika, og ein gong skal me gløyme deg for aller siste gong.

Er ikkje det ein fin tanke, Mika?

Les også:

Det er lenge sidan Noriaki Kasai vann et hopprenn av Bjarte Wathne Helgsen

Den kuriøse femmila – Intervju med Thor Gotaas

Følg Olympiastadion på Facebook

Følg Olympiastadion på Twitter