Det er lenge sidan Noriaki Kasai vann eit hopprenn

Av Bjarte Wathne Helgesen

Det er slik ei vintersol som det er umogeleg ikkje å bli påverka av. Strålane står inn gjennom vindauget, lyser opp støvet som kvervlar rundt i rommet som snøfnugg. Snøen ligg tjukk på fjernsynet, det er ikkje tørka støv her sidan sist Noriaki Kasai vann eit hopprenn; det er lenge sidan sist Noriaki Kasai vann eit hopprenn.

I Sapporo sit Kazuyoshi Funaki på bommen, skodar utover tomme tribunar i eit snødekt Hokkaido, minnast den tida då han var betre enn Noriaki; det er lenge sidan Funaki var betre enn Noriaki. Kazuyoshi lener seg framover, slepp bommen, kryp saman i sitjestilling og tråkkar til det han er god for på kanten, men han blir for sein. Jamsides landing, kulen og ein halv. Det er lenge sidan fem gonger tjue no.

I Kulm sit Noriaki åleine igjen på toppen, skodar utover fulle tribunar i eit snødekt Bad-Mitterndorf, minnast den tida då han var ung og sprek og låg med overkroppen under skia i svevet; det er lenge sidan Noriaki låg med overkroppen under skia i svevet. Men kva gjer vel det, for Noriaki sit åleine igjen på toppen. Om ti sekund skal han stå nede på sletta, som den største av dei alle.

Noriaki, den kule storebroren, den snille kjempa. Han som allereie har gjort alt, sett alt. Noriaki, som hoppa sitt første renn før Gregor var ute av magen, vann sitt første renn før Gregor var ute av bleiene. Kamikazeflygaren Noriaki Kasai, han som var ferdig, som var for gammal, som var med berre på kjøt og flesk. No sit han der igjen, åleine på toppen.

Les også: Noriaki Kasai-variasjoner av Endre Ruset

Følg Olympiastadion på Facebook

Følg Olympiastadion på Twitter