Frode Johnsen: Telemarks hodebry – Webjørn Espeland

Frode Johnsen er guddommelig på hodet, men har skapt hodebry for oss i Fylkenes Fylke. Me som drømte om Grenland ut av Telemark.

Eg var i Grenland. Ein gang. Barnehagetante Helle kjørte oss. Frå Bø i ein kvit Amazon. Til Leikeland i Skien. Dette var sjølvsagt før Sommarland i Bø. Leikeland var magisk nok. Hoppeslott og høgtaleranlegg som spelte «Haba-haba-haba-ååå-jee (Det var et rocketroll)». Men inntrykket som festa seg var røyk og fabrikkpiper. Eg dro aldri tilbake til Grenland.

Telemark fann opp skisporten. Telemark satte ein stopper for atombomba til Hitler og vann andre verdenskrig. I Telemark starta det norske industrieventyret på Notodden og Rjukan. Telemark er det einaste fylket i verda som har ein sport kalla opp etter seg. Og eit nedslag. Den første turhytta til DNT lå sjølvsagt i Telemark. Og Telemark vinner som regel kåringane av Norges finaste dialekt.

Mens Grenland var tungindustri og fabrikkrøyk. Grenland var dioksinbefengte fjorder og tungmetall. Grenland var overdreven bruk av å og æ. Jånnicke Åbrahæmsen og Ronåld Holmbærg. Grenland var området Ibsen forlot som femtenåring og Quisling dro til som trettenåring.

Våre helter var Sondre Norheim, Aa. O. Vinje, Tarjei Vesaas, Kjakan, Knut Haugland, Sterke-Nils, Terje Håkonsen, Hallvard Gråtopp og Hallvard Flatland. Me drømte om å separere Telemark frå Grenland.

Det var enkelt da. Telemark utan nyanser. Odd spilte mot Stålkameratene og Jevnaker. Ein dro ikkje til Skien for å se Mario Jadonic. Heime på Sandvoll skein bildene av Ole Halvor Kolstad.

Så steig han fram. Frå breidda av Telemarkskanalen. 188 centimeter på strømpelesten. Sterkere i lufta enn Sterke-Nils på bakken. Frode Johnsen. Gud er frå Skotfoss.

Med Frode Johnsen rykka Odd opp. Med Frode Johnsen slo Odd Brann, Stabæk og Lillestrøm. Med Frode Johnsen banka Odd Rosenborg 5-3. På Lerkendal. Frode Johnsen blei for god. Frode Johnsen blei igjen på Lerkendal.

Men ånda til Frode Johnsen levde videre. Odd var eit topplag. Me våga oss inn til Oslo. Odd vant cupfinalen. Erik P. dansa i tanga foran kongen. Usnobbete. Ujålete. Grenlandsfolk var kanskje ikkje så ille.

I fjor strøyk Einar Håndlykken (han har slekt i Bø) Grenlandsnavnet frå Odd. Umiddelbart var Odd eit topplag også i serien. Odds Ballklubb. Odd Telemark hadde kanskje vert bedre. Odd Bø hadde sjølvsagt vert best. Men det hadde blitt litt feil. Dessutan hadde nok dei tolv personane rundt i Norge som heiter nettopp Odd Bø reagert. Men Odds Ballklubb er bra. Særleg på banen. Og særleg med Frode Johnsen.

Me håper på bøtta heim til Telemark.

Me drømmer om å klone Frode Johnsen.

Frode Johnsen: Telemarks hodebry ble først publisert i Det litterære cupfinaleheftet 2014. Les mer om cupfinaleheftet her, som nå er på tilbud, kun 100 kroner.

Cupfinaleheftet 2014
Cupfinaleheftet 2014

Les også:

Dikt om Frode Johnsen – Stian Johansen

Skagerak arena – presentert av Stian Johansen