Svev – Knut Ødegård

 

Året har sett sine segl mot ei lysare strand:
Steig ut av desembers myrker. Og vi gjekk om bord
i eit solskip som styrer mot eit lova land
der gulltavler skin i graset. Mot landet av mjølk og honning.

Men enno i kulde og snø: Januar held oss fast
i eit stivna grep av forfrose jordliv, men enno med vår draum
om å sprengja seg ut i det fri, falda oss ut
i veldig jubel av flukt mot ein blå himmel der alt
som hemmar og stengjer vår tanke og kjensle vert sprengd.

Å stå desse stivna sekund ved ein avgrunn: Så
setja utfor i den tiandels sekund der tanke og kropp
er dirrande eitt i overskridande vilje – og så ta
spranget! Slå ut din draum, som vengjer, din draum om ei verd
som gjev kraft til alt som vil sprengja seg opp
mot lyset i hemmeleg vekst.

Ei kraft i slekt med den draumen som bur i ørsmåe frø
– som stangar seg ut av sine skal, og skyt seg opp
mot lufta – vert susande tre i vind. Dei vann
denne verda, med røter i jord men veksande opp
mot ein himmel. Nummer 1 eller 2 eller 13: spelar
inga rolle i det største spelet. Sigeren bur i di kraft
til å vinna over deg sjølv, ditt skal, ditt myrker, og la deg
einsam falda deg ut i ditt flòg. Sigla mot ei lysare strand
der himmel og jord er eitt.

Men samstundes dette: Ein kongeleg kunst. Du er
i den utvalde stund, i eit sprang
du berre kan gjera éin gong, i eit svev der di einsemd
er heil. Din draum om å fly som ei kongsørn:
Strekkja deg ut over denne blå fjorden, mot randen
av romsdalske tindar – sigla på vinden gjennom Moldes land
av fjord og holmar og fjell slik laksar i sine sprang
sprett mot straumen i lange bogar av oppdrift og jubel
over den striaste foss.

Å vida sekundet ut! Forlengja ditt svev med dei metrar
der du oppløyser lover om krefter og tyngde – og står
i ditt nedslag. Du slår ein boge, elliptisk, i snøen på sletta
der nede, slik klotar går i sine bogar om ei sol som sender vind
av lys mot seglet på eit år: Det styrer mot ei strand
der draumen om å falda seg ut i jublande vilje
brest som frø i jord, spirer, og slår sine veldige kroner ut!

Les flere hoppdikt her!

Les om Norges første tennisdiktsamling: I bane rundt en gul ball, av Jon Ståle Ritland. Utgitt av Olympiastadion.

I bane rundt en gul ball - Jon Ståle Ritland. Omslag: Magne Furuholmen.
I bane rundt en gul ball – Jon Ståle Ritland. Omslag: Magne Furuholmen.