ACROSKI: SOTSJI – Av Sigrid Sørumgård Botheim

ACROSKI : SOTSJI

Det er den dressen eg ber
ein turkisfarga frå 80-talet
og kroppen kjem i tale
olbogen vil fortelja
føtene helsar
håret lokkar
leggane nektar
nakken opnar seg
for balletten er eit bål
ein fakkel i foten
for balletten går på ski
eg dansar forbi
Northug og Svindal hand i hand
Bjørgen og Berger kysser einannan
Caspersen Falla held discokula
Rune Kristiansen kjem ut av smørebua
skivoks i alle fornuftige fargar
funkar fint som leppestift
noko vidunderleg skal skje
men skia er skeive
bakkane er bratte
Putin går på svarte ski
frå Moskva til Sotsji
eg vil renne meg
på ein palett av pastell
og eg glir, glir inn på ein veg
eg ikkje har visst um

Les intervju med Sigrid Sørumgård Botheim her.

Om

Olympiastadion har den store ære av å gratulere Sigrid Sørumgård Botheim som vinner av OL-diktkonkurransen 2014! Om diktet sier juryen: «Botheim ligger et par skitupper foran konkurrentene. Elegante bilder, lett og ubesværet rytme, med innlagte hint og lån fra Olav H. samt delikat Putin-kritikk som dufter av René Char.»