Intervju med vinnerpoeten – Sigrid Sørumgård Botheim

Vi har intervjuet vinneren av Olympiastadions konkurranse «årets vintersportdikt», Sigrid Sørumgård Botheim

Hva føler du nå?

– Eg dør litt! Korkje lyrikk eller sport er mine hovuddomene, så dette er vel omtrent like overraskande som da han australske duden tok gull i kortbaneløp i OL i Salt Lake City i 2002. Eg er veldig glad og fornøgd. Nå skal eg ikkje gjera det skapte grann på fleire veker.

Hvem er du og hva holder du på med?

– Eg heiter Sigrid, er 28 år og kjem frå Lesja. Tidlegare har eg studert musikk, men etter kvart hamna eg inn i litteraturen. Nå går eg på ein master i nordisk litteratur ved UiO. I 2009 debuterte eg med romanen Ramstein pensionat (2009) saman med syster mi, Guri, og i 2011 var eg redaktør for antologien Søsken, saman med syster Guri og systrene Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. Elles skriv eg litt for Dag og Tid. Akkurat nå bur eg i Berlin, i likskap med resten av Noregs komande kulturelite. Alibiet mitt er eit utvekslingssemester ved Humboldt-universitetet. Prøver å finansiere livets opphald ved ulike strøjobbar.

Diktet ditt tar for seg skiballett, som sist stod på det olympiske programmet i 1988. Har du et favoritt-skiballett-øyeblikk?

– Skiballett var òg med som demonstrasjonsgrein i 1992!! Sidan eg er fødd midt på 80-talet, var eg ganske liten da denne sporten var på topp. Eg hugsar så vidt at dei sendte nokre små klipp heilt på slutten av Sportsrevyen av og til. Så det største skiballettaugeblikket for meg er i nyare tid. Eg såg ein video av Rune Kristiansen på youtube, og det var heilt ville greier. Eg hugsa ikkje at det var så drøyt, eg skjønar ikkje korleis det går an. Dette må vera slopestylens grasiøse forløpar.

Elles må eg nemne at det var eit høgdepunkt for meg å spela hovudrolla i ein liten film om skiballett som ligg på youtube. Dette var eit forsøk på å skapa større blest om denne utrulege sporten. Eg vedgår at eg aldri kjem til å koma opp på Rune Kristiansen sitt nivå.

Du kommer fra Lesja, samme sted som Tora Berger. Du er også kjent for å ha skrevet positivt om Ola Borten Moe. Hvem av de to setter du høyest?

– Haha, hjelp. Eg vil sjølvsagt ikkje setja folk opp mot kvarandre … Tora Berger er jo bygdas store stoltheit, samtidig vart eg veldig imponert over Borten Moe sine kreative evner da han improviserte fram ei badstove ved hjelp av dusj og tørketrommel. Korleis ein skal rangere OL-gull og freestyle-spa, må nesten kvar og ein gå inn i seg sjølv og finne ut.

Hvordan har hjemstedet formet din olympiske interesse?

– Den heilt lokale heimstaden, altså huset eg er oppvaksen i, har vel prega interessa mi noko. Sidan eg har ein svært sportsinteressert far, har det vorte nokre timar med sport på fjernsynet oppigjennom åra. Elles har vi skiløyper rett utanfor trappa og ein lang vinter. Eg tilrår Lesja til alle som er glad i å utøve vintersport.

Hvem heier du på under årets OL?

– Oi, vanskeleg spørsmål. Som for mange andre, har OL ein bismak for meg i år. På den andre sida har jo OL ført med seg eit stort fokus på menneskerettane i Russland. Eg heiar på alle som tør å ytre politiske standpunkt under leikane. Elles heiar eg på det norske curlinglaget. Det er fint med ein sport der utøvarane ikkje treng å leva som asketar. Eg er sikker på at dei curling-karane røyker og drikk mykje. Eg synest det er løyleg med han skotske langrennsløparen. God i norsk er han òg. Generelt likar eg når dei som ikkje er favorittar vinn. Også håpar eg at deltakarane i Paralympics får litt meir merksemd.