TWIN OTTEREN – AV ARNE RUSET OG HELGE BERTIL BERNTZEN

(Torgeir Brandtzæg 80 år)
 
Januar 1965, Torgeir Brandtzæg
på veg ned ovarennet i Bischofshofen, den kvite
borden på topplua formar ein glorie
kring skallen hans. Han skyt ut frå hoppet, kjem seg straks
i strekrett flyt, siglar lik ein Twin Otter over
landskapet.
 
For å nå ut over dei ytste grensene, må ein
vere i forkant av tida, forsere augneblinken
her og no, leve i framtida,  vite
kva som vil skje, leggje ei lekjande hand over
panna til angsten, stille
stormen.
 
Twin Otteren går inn for landing
i Paul Ausserleitner- bakken, svingar
ut på sletta, løfter triumferande
det store trofeet.
 
 NRK påspanderer mor og far Brandtzæg
Oslo-tur ved heimkomsten, Jarle Høysæter
prøver å få dei i tale på Sportsrevyens
svarte og kvite skjerm. Far Brandtzæg
er tagal, mor Brandtzæg
seier einast desse to orda som for alltid
vil sveve over oss, høgt der opp mot den botnlause
himmelblånen:

«Vi flaug.»