HÅKON BRUSVEEN HAR PASSERT MÅLSTREKEN – ARNE RUSET

Medan Kuppern glir i uskjøneleg fart på isen 
i Squaw Valley, spelar speaker snuttar på 
hammondorgelet mellom rundetidene.

Inne i nåleskogen kviler ei mjuk skumring, treleggane
teier løyndomsfulle, greinene talar med ei røyst frå
den djupaste dal, som om noko er stengt og ventar
på å bli låst opp.

Skuggeskog, dimma himmel over, grovkorna
krystall under.

Med eitt blafrar eit glimt over løypa, skuggane løyser
seg opp, eit smil med eit lys som
breier seg over heile California og like
heim til radioapparata i Sondre Nordheims
heimland.

I det same lyset sit vi framleis og minnest
dette smilet.







Bilde: Wikimedia Commons