Maren i PyeongChang – Arne Ruset

Høgt oppe losnar ho
frå bommen, liten som eit
snøkrystall, samankrøkt
til ein ball duvar ho i si eiga verden, omslutta,

meir ruvande skyt ho fram på kanten, den tause
forløysinga, reiser seg halvt opp og stuper
seg inn i livet, kløyver motvinden, rir
på oppdrifta som
ei galen vette, heile tida

med djervskapens uendeleg ro, ein skuggestrek
gjennom flomlyset, møter
verda fjørlett, svingar
ut på sletta, fødd
endå ein gong.