Eg kalla deg Maradona – Alf Kjetil Walgermo

son
gå ut der og ta dei
kom i hug alt eg har lært deg
alt arbeidet vi har lagt ned saman
alle treningstimane i kjølig regn

son
la ikkje motgang knekke deg
la ikkje alderen tynge
enno er du berre ungkalven
la ikkje far din stå her som ein stut

son
gå ut der og ta dei
gå ut og kle av dei trøyene sine
det er enno ikkje for seint for deg
å spele ball, sparke rumpe

Diktet er tidligere publisert i antologien Den gamle mannen og gresset. Antologien består av Przemek Niciejewskis fotografier og tekster skrevet av Det norske forfatterlandslaget og Det tyske forfatterlandslaget. Boken koster 200 kr og kan bestilles her.

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) er forfatter og kulturredaktør i Vårt Land. Siste bok: Røff guide til Bibelen (2017).