Kva tenkte du for tjue år sidan
då du var så gamal som eg er no
og den store praktboka kom
om historia til fotballandslaget
med meir enn hundre bilete
utan eit einaste av han
som hadde leia det same landslaget
i nær ti år og hundre kampar
Eg veit ikkje kva du tenkte
men eg hugsar at eg
vart like forbanna
som eg vart sæl ein septemberkveld
i 1981
då du gav meg det største kicket
eg førebels har fått
i ein stol
ein halv meter over stolen
då me slog England
i ein VM-kvalikkamp
i en kamp som tydde alt
for England
etter at du fyrst
som fyrste landslagsleiar sidan krigen
tok oss til eit OL
som me aldri kom til
av di Sovjet gjekk inn i Afghanistan
og EM kom me heller aldri til
av di du møtte Frankrike Portugal Sovjet i kvalik
ikkje Georgia Latvia Albania
som då me endeleg kom dit i 2000
Eg vonar du ikkje vart like forbanna som meg
av retusjeringa men eg er nøgd med
at eg peika på ho
i di levetid i ei bok som vart lesen
av mange fleire enn den landslagsboka
Kvil i fred
Kvil i fred så lengje
før me kjem etter deg
alle me som vil møtast
på himmelpuben og prata med deg
om då me slog England
og kva me kunne fått til i Moskva
Du Tom Lund Hallvar Thoresen Bjørge Lillelien
Roger Albertsen Einar Aas Einar Slyngstad som
to gonger stogga heile Dagsrevyen
Me får eit par tiår til den praten
før dei kjem skravlande
dei som var unge
då me slog Brasil
i ein kamp som ikkje tydde noko
for Brasil