Ulv jager ulv
Over dei aude sletter
Gjennom dei svimlande juv
Opp dei steile klipper
Ulv jager ulv
Flokken ikkje lenger samla
Utbrytarane kverv i fallvinden
Forfølgjarane skulder ved skulder no
Brystmusklane buler
Bakbeina krøkjer seg nådelaust og sparkar frå
Blodsmak, sveittehildring, nakkebitt
Forfølgingsvanvidd
Ulv jager ulv
Hopen samla att
Stimen rauser som ankerkjetting langs ei skipsside
Inn under seglet til æva
Svermen løyser seg opp
Alle dei einsame ulvane
Lusker kvar til sitt