Hæsthauet 1-2. Jo Torkjel Fenne

Hæsthauet 1976

Ovarrennet strakk seg 100 – 150 meter opp i åssida, som var ein knatt eller eit fjell meir enn ein ås. Sporet teikna ei kurve steil som veksten i folketal sia 1850. Hoppa blei tråkka og rent i same sveipen. Øvst var sporet lausare, av di berre ein eller to tråkka seg vidare frå staden som stilltiande hadde aksept som øvst i tårnet. Ein eller to tok på seg å flytte bommen vidare opp i lause lufta. Halvt oppe eller halvt nede, alt ettersom, var eit sauegjerde. Først når snømengdane tillét det, blei sporet tråkka over ståltråden. Først nó var farta stor nok til å avhalde hopprenn. 10 – 20 meter ut på sletta låg Hæsthauet, ein liten haug frå da jorda i kring blei rydda for stein, trur eg. Hauet var hopp og unnarenn i éi rørsle. For å treffe hoppet rann vi ut på sletta, opp nakken, og på hæsthauet sin skalle, slynga kanten på hoppet  (som verkeleg fortente æresprefikset sprett) oss ut i det som var gåta og moroa – kva no? – korleis omsetje fram og oppoverfarta som var planta i oss til hauet si flate panne? Det vil seie, unnarennet var unnagjort i svevet, K-punktet var alle stadar, og nedslaget fann sted på flata (vi landa ikkje, vi slo ned). Dei fleste nedslaga var jetskinedslag (jet- eller miniski, desse snurrige forlengingane av fotblada, strappa fast på skollane (alltid fulle av fastfrosi små isperlar som i eit skjegg) vi gjekk med. Jet og mini ga ikkje stabilitet, å kome seg ned ovarrennet var ei hoppuka i seg sjølv, og kom ein seg til himmelrommet var flygestillinga i det blå. Men det skal seiast – nærsagt same korleis ein traff kloten att, fann føtene skia og skia fann snøen, og her sto ein med snø inne i øyra, godt oppe i jakkeermene, og nede i genserhalsen. Annleis var det med langrennskihopparane. Dei hadde bra odds for å treffe i satsen, og enno betre odds for å lande med kandahar-bindingane sine rette vegen på aksa ned-opp og att-fram, men gjekk det  først skeis, så gjekk det til helvete, for ein gongs skuld eit helvete med kalde øyreflippar. Her blei skihopparlekamen utsett for vridningar den ikkje var bygd for. Rottefella skriv eg ikkje om, av di berre kamikazefolk ville gjere hæsthauet i rottefella. Kamikazefolk fantes. Siste kategorien var Splitkein hoppski som ga sporet eit blankt skin av plastsole, Johan Sætre og TV-skjerm. Hoppski drog kroppen med seg av rein og ekte tyngde. I farta ei kjensle av å kjenne nokon så gamle at dei kunne køyre bil og røyke på ein gong. Bror min hadde eit par mørkeblå. Bastardløysinga var slalomjetski, med støvlane fastskruvi i bindingen. Slalåmjetskia var nokre stabile jæklar, og til trass for fastskruvi føter, var ikkje skiene lengre enn at kroppen styrde showet. Hauet berre såg. Hæsthauet si tid fall saman med «Horses» av Patti Smith, utan at eg legg mykje i det. Eg var Lucy in the Sky til eg small ned.

Hæsthauet revisited 2006

Eg og bror min og nokre ungar og andre sysken, tok blank spade og kaffi i sekken, spente våre langrennski og rente oss så fagert i lia (kor kyrne om somaren går med djupe hovud). Gjere Hæsthauet oppatt, spa hopp i næraste bratte kneik. Lenger oppe, på andre sia av vegen, gjorde eg hæsthauet revisited aleine for lenge sia. Eg spadde hopp. Eg langrennshoppa for meg sjølv, og raka snøen med ræva da nabokaillen kom støvelsubbende og sa her kan du ikkje hoppe, det er ein vatnleidning her, ein vatnleidning, sa han. Men no, hæsthauet revisited revisited. Å gjere ein sving med innlagd ustøheit halvveis nede i hellinga, på oppsida av kneika i kneika, ikkje synleg i off-white off piste. Har du opplevd ein bakke som punchar deg i trynet av di alt er kvittkvitt? Måle over og under. Stå og peike på det kvite med skistaven. Hér skal hoppet byggjast. Spa og tråkke, synke og spaspa, teste med tyngda og spa. I prøvehoppet poppar opptrekkaren opp. Om ein instinktiv stil finnast, så er opptrekkaren denne stilen. Arm og kne, ut og opp. Skituppar? Hopp på blank skare, på gjørmejorde med Suzukien, på mose, på hud spent ut i steinur, i kulp med ukjent dybde, i tørt høy, alt som kan landast på. Opptrekkaren er pusten sin stil, er i dei første føtene i snåving ei ujamn natt. Opptrekkaren held på skistavane, og fortset når dei slengjast. Opptrekkaren har ei usynleg balansestang på baklomma, og sikringssele i beltet. Opptrekkaren held kva han lovar. Opptrekkaren er armane og jorda som kjem. Eg slepp stavane. Eg og bror min tevlar, vi tevlar like usynleg som ustanseleg, og sjølv om vi ikkje gjer det tevlar vi, og vi tevletevlar, skal ta hemn for noko, for noko, eg. Opptrekkarstilen er den eigentlege Klassiske stilen, mens stilen som blir kalla Klassisk stil –  Wirkola sine hender liggande på baklomma – meir er ein Avtrekkarstil.

 

Jo Torkjel Fenne (f. 1968). Forfatter, billedkunster og audiopedagog. Utdannet ved Kunstakademiet i Oslo og Forfatterstudiet i Bø. Siste utgivelse: Statueveltere (2012).