Syklisten – Arne Ruset

Han reiser gjennom dei skiftende landskapa i sitt indre, endelause ferder gjennom kornåkrar, gylne lyser dei langs vegen, sosla står skrått ned, vinden inn frå sidene, på lag med den rasende farten.

Motløysa møter han som ein vegg, han fyk over høgdene og ned att i dagane, ein salme djupt der inne, døden og noko levande fødest kvart tiandels sekund og det er tusenvis av jordmødre langs vegen som glefser etter han med tanga, dei skrik at dei er klare, er klare.

Sykkelryttaren åpnar munnen og svelget blesten, det einaste han får for å stille svolten her og no. Han overkøyrer sørga, overser gledene, hastar inn i den likesæle skogen der støvet frå gummihjula stig som draumar over Åsane, jordmødrene har no kledd seg som beksvarte krossar, dei ropar og spør om han vil henge på dei, eller om han vil bite seg fast i trona.

Han er på ei ferd gjennom det skiftende landskapet i sitt indre, ein endelaus tur gjennom kornåkrar, gyllent lyser dei langs vegen.