Skjorta – Carol Ann Duffy. Gjendiktet av Jostein Sæbøe

Etterpå fann eg han i baren, åleine,
og spurde kva som gjekk gale. Det er skjorta,
sa han. Når eg dreg ho på klistrar ho seg til ryggen
som eit liksvøp, eller som ei forgifta trøye hos Grimm
som syg fast forbanninga si på huda mi, som ei stygg tatovering.
Eg dusjar og rakar meg før eg tar på meg skjorta,
det duftar som ein draum; men skjorta forsurar godlukta mi
med sveitte og stanken av frykt. Den har på nummeret mitt.
Eg skjenkte han ein tår til. Fortel meir, kjære deg. Og det gjorde han.
Eg har hatt lyst til å vise fram skjorta sidan eg var liten,
men no når eg gjer det, blir eg kvalm, svak og paranoid.
Månen er ballen i eit straffespark heile natta
over hotellet vårt. Titusenvis av rasande stjerner
buar til meg. Ei skrikugle er dommar.
Vinden er publikum, førti år lang, som brøler ein grisete song
om vrikkinga mi. Det er den helvetes skjorta! Han byrja å hikste
som blusen på ei stor jente og eg syntes litt synd på han.
Ikkje gråt, sa eg, når dagen er slutt er du tilbake
med hundre tusen for veka og spelar for City.

Se en litteraturviters analyse av Carol Ann Duffys The Shirt

Les også:

Brasiliansk tribunefeber – intervju med Gabriel Uchida

Fotoessay: Peoples Cup, São Paulo – av Gabriel Uchida

Ein plutseleg frigjerande pasning – intervju med Kjartan Fløgstad

Dona Zica – pengelens ved Maracanã – av Marius Lien

Følg Olympiastadion på Facebook

Følg Olympistadion på Twitter