Gjennom et år skrev Arild Rein en tekst hver dag. De 365 tekstene ble samlet i songar frå mitt territorium og utgitt av Pelikanen forlag i 2012. Rein er kjent for sin skittenrealistiske stil, med et skarpt blikk på utviklingen i hjembyen Stavanger. Han har også en fortid som fotballspiller for Viking og Bryne. I songar frå mitt territorium følger Rein årstidene og med det også fotballsesongen. Olympiastadion har fått tillatelse til å publisere to tekster om fotball, den ene om fotball på høsten, den andre om en treners taktiske bommerter.
–
202
hausten er her
med sin rabarbra
og sin melankoli
torghandlarane nektar
å flytta inn i vinterens
snøbyer
trea slepper kleda sine
ned på bakken og den
kolsvarte fotballsesongen er
heldigvis snart over
208
‘eg trudde
sigeren var i boks
eg trudde
laget mitt hadde
sett spikaren i kista
difor trudde eg
ikkje eg gambla
då eg sette innpå
andresorteringskrigarane
men då måla
begynte å rulla inn
i rasande tempo
feil veg, var det
lite eg kunne gjera
for å bremsa katastrofen’
‘ i rein desperasjon
tok eg ut
reservestyrkane
og lét
skarpskyttarane
vende tilbake, men
då var det
allereie for seint
ingen kunne
snu skuta som
alt stod på skjeret’
‘eg hadde ei
søvnlaus natt og
grubla over mine
taktiske disposisjonar
men det som plaga
meg mest av alt var at
kona mi skjelte meg ut
for mi dødssynd:
du skal aldri ta
reservane av
banen har du
først sloppe
dei innpå’
–
Les mer om songar frå mitt territorium her.
–