Fred Anton Maier, RIP – av Arne Ruset

Profilen hoggen i stein, den mjuke

djevellua stanga i rette bogar og kurvar, først

sakte, sakte, men

 

umerkeleg kom farten eit knepp

opp, så endå eit knepp, dei kvite

hanskane som små og samanfalda vengar

på ryggen, farten

jamn og god. Urverket i balanse, runde

 

etter runde etter runde. Uret

som aldri kunne stansast, dei vakre

rørslene som aldri kunne hemmast, heilt

inn til mål.

Les flere skøytetekster her.