Fra arenaen – Mette Karlsvik

Arenaen er folkerik. Eg er låg og ser dei høgaste. Eg går til dei høge og ber dei fortelje meg kva dei ser. Dei høge fortel om god arkitektur og stilfulle svev. Eg følgjer lyden av nitten, nitten, nitten og ein halv, og ser ein J av snø i det fjerne. Eg kjem nærmare, og ser at snøen er urein, og at bakken er uroleg av menneskemylder. Eg snur, og går mot dei som sitt. Når eg kjem til dei som sitt, fortel dei at også dei er urolege: At menneske-kroppar hugsar opphavet sitt: At vi kjem frå tropiske urhav og treng minst 29 gradar for å halde roa heilt. Allereie ved 21 gradar treng vi eit nivå av rørsle for å halde trivsestemperatur i kroppen, seier dei som sitt, og innrømmar ir i kroppen. Men det gjeld å halde roa, likevel, seier dei, og seier at alle på botnen er urolege, men at det gjeld å spele med det sosiale rollespelet. Eg forlet det sosiale rollespelet og går til ein heim. Familien er tett. Kona er rund, raus og blid. Husbonden er varm, kjærleg, lettrørd. Dei tar meg inn i familien sin. Eg et med dei, søv under same tak som dei, og overhøyrer ekteskapelege problem, og ser at kona og mannen speler lykkelege for barna sin skuld. Eg kjem for tett på, og går vekk. Eg veit ikkje kor eg vil, og går dit andre vil. Eg attende til den folkerike arenaen. Eg ønskjer meg det som andre vil ha. Men eg blir aldri som dei andre. Eg er låg, og ser etter sterke til å støtte meg på. Når eg no løftar hovudet, ser eg eit menneskefly skyte ut i lufta. Ho har hendene falda på ryggen. Nitten, nitten, nitten og ein halv. Folkehavet jublar. Vi løftar armane og klappar. Friksjonen lagar varme. Einogtjue, toogtjue, snart opp mot 29.

Les flere skjønnlitterære tekster om hopp her!