Det har inget formål å lande, livet
i lufta er lufta i lungene, hjarteslaga
slår og der oppe under skyene
ligg ein strakrett skapnad framoverstupt
mot all fornuft.
Det har inget formål å døy, livet
i lufta er livet på jorda, dei to
liva utfyller kvarandre, langt der nede
i overgangen kan ein finne seg
sjølv i enden av ein altomspinnande
spiral.
Det einaste formålet som
fins, er å slå til
når det gjeld, kome seg
heilt ut på sletta, lande
jamsis mellom sol
og ekstase.
–