Messi A/S – Av Arne Ruset

Dei gule papegøyene skravler
ustoppeleg, The Flying Dutchman
gjer sitt svalestup inn i
verdas synsfelt, Neymar
avslører si livslange utdanning
ved sirkusskulen i Bucuresti, Torres
er diverre reist heim.

Imens skin det
så over all forstand ein
frigjort glød over Kristusstatuen
og regnskogen, ein
haisommar utan like.

Likevel er det
berre du Messi, som får meg
til å minnes Jan Berg.