BAYERN MÜNCHEN 0. REAL MADRID 4.

Skrevet av Arne Ruset

Det er tirsdag 29 april. Klokka er straks 19. lokal tid, og sola står framleis gyllen inn over uterestauranten Caja Rural i Puerto de Mogan. Godt vaksne Marina med leopardskinnmønstra bukse stramt over den magre bakenden, knallraud frisyre, briller med plastinnfatningar i pastellgrønt, og mauriske tatoveringer på overarmane, konstaterer at i kveld vil alle borda under lerretsduken bli fylte opp. Ho spring til og frå disken med stadig nye bestillingar, for det meste skummande ølseidlar. På tavla ved inngangen er det skrive med kritt: Bayern Munich – Real Madrid. Ein og anna tallerken paella blir frakta angande til borda, det klirrer i bestikk. Inntil vidare er lyden av røystene berre ei svak summing i lokalet.

Like før avspark tusler gamle Alonso Suarez, støttende seg på spaserstokken, inn og finn seg ei krå, stuttbeint og brunbarka som ei sviske. Næraste den gedigne flatskjermen er det tettskara av spanske ynglingar i Diesel-skjorter og Converse-skor, det står ein dampande os av after shave av dei. På dei to ytterste borda sit benka ei gruppe med skjorter i mikro-fiber, på ryggen påskrifta Bayerische Biketeam og logoen til BMW. Det er dei som har dei største ølseidlane.

Sergio Ramos. 1-0.
Sergio Ramos. 1-0. og 2-0.

Så får ballen det første dyttet der oppe på skjermen. Alt etter få minutt er det som at dei fleste skjønar at her ligg det noke i lufta. Heimelaget får mest ikkje låne ballen. Det er noke stort som er i ferd med å bygge seg opp. Og så, etter eit kvarter, er Sergio Ramos der, klangen av ein gaffel som dett ned på steingolvet kan oppfattast, så sprengjest lydmuren. Sykkelkara blir stramme i oppsynet. Marina tar nokre dansetrinn. Og så, berre fem minutt seinare, er Ramos der på nytt. Alonsjo Suarez hytter med staven, folk stig opp på stolane. Ein liten spansk terrier som lever godt ved å alternere mellom dei mange uteplassane, logrer frenetisk. Den skal visstnok vere over femten år gammal og har tilnamnet el viejo, den gamle. No legg den framlabbane opp på eit stol-lene og lagar merkelege hulkelydar, som i gledesgråt. Ynglingane klemmer kvarandre.

Men det skal kome meir. Christiano Ronaldo, som tett før har fått ein kakk på akillesen, til intens banning frå dei frammøtte, skårer slik berre han kan. Iker Casillas slår stiften i det motsette buret. Lerretstaket løfter seg. Sykkelgutta ser duknakka ned i seidlane sine. Alonso Suarez har fått eit sløra blikk. El viejo hulker. Sola nekter å gå ned, limer seg fast til åskammen bak bananplantasjen.

Cristiano Ronaldo. 3-0. 4-0.
Cristiano Ronaldo. 3-0. og 4-0.

Heile andre omgang er ein surrealistisk happening av tilrop, jubel, triumf. Marina tørker sveitte med tatoverte handbakar, innimellom all serveringa, Alonso Suarez sit framoverluta og stør seg på staven. Inga makt i verda kan frarøve Spania finaleplass i Champions League. Men alle kjenner også på seg at det vil kome eit skikkeleg punktum. Og det kjem, uret på skjermen viser 89 minutt. Ronaldo tar frispark frå tjuemeteren. Ballen skrur seg forbi muren og inn. Uverkeleg. Mange går bananas, henger seg i røyrstengene som held lerretsduken på plass. Marina styrter til og ordner opp, så bort til disken og trykker inn ein knapp på anlegget. Og Marcha Real toner skingrande over høgtalarane. El viejo har no reist seg opp på baklabbane og danser mellom borda. Germanarane marsjerer ut, heilt uttrykkslause, på sine klikkande sykkelsko.

 

Oppe på skjermen danser målskåraren seiersdans saman med Pepe, Bale og Di Maria. Ved sidelinja sit ein desillusjonert Arjan Robben. Men det er nede mellom restaurantborda dette i røynda foregår. Det oppe på skjermen er berre ein illusjon.

Og brått har du, etter uendelege mange år, fått ein ny og djupare innsikt i dette forunderlige spelet. Innsikt i at det vakraste i fotballen ikkje er dei vaiande supporterflagga, fargane på draktene, hymnene og jubelropa. Det vakraste er heller ikkje millimeterpasningane og dei spektakulære brassesparka som kliner kula inn i vinkelen. Det vakraste i fotballspelet er scener som når El viejo, totalt uforstående til si eiga ekstase, dansar rundt på baklabbane mellom kafeborda, halden oppe i oppreist stilling av rein og pur magi. Eller når gamle Alonso Suarez løfter den høgre handa og legg den over hjartet sitt, medan antydninga til ei lita tåre smyg seg ut av den eine augekarmen hans.