Harry Kure tar corner frå venstre. Av Arne Ruset

I anledning sesongstart 2014 for Tippeligaen har Arne Ruset skrevet et dikt om Harry Kure, den legendariske cornertakeren.

Harry Kure (født 12. april 1928, død 8. september 2007) var venstreving for Sarpsborg på 50- og 60-tallet, og spilte også 16 landskamper (fem mål) for det norske lansdslaget. Kure var cornerspesialist, og det sies at han scoret minst åtte mål direkte fra corner i sin karriere – deriblant to i samme kamp mot Sandefjord. Mange år etter at Kure hadde lagt opp, ble uttrykket «Harry Kure, Sarpsborg Fotballklubb, tar corner» et begrep i humorbladet KOnK, ofte gjengitt som billedtekst til et fotografi av Kure i det han tar en corner. Her er diktet av Arne Ruset

 

HARRY KURE TAR CORNER FRÅ VENSTRE.

 

Jordkloten snurrar i si underlege bane, følgjer ein spenstig

boge over synsranda, klemmer seg gjennom det tronge

skaret, blir hengande på balansepunktet mellom røynd

og draum, så fin ein kurs.

 

Cornerflagget blafrar i vinden, vinkar stritt til alle luktene som stig frå dette

biletet: Angen av nysmurt lær, den melankolske stenken av Brylcreme,

karfolksveitte, Tidemanns Teddy, pilsnerøl og pissoar, alt blandar seg

med togna frå tusen strupar.

 

Med adamseple stramt som pergament står han einbeint på

krittstreken, halsmusklane er som harpestrengar, hendene er

knytta, den nådelause slegga er gøymt bak hoftene hans, gras

og mold dampar.

 

Det atthaldne brølet skal snart forløysast, rørslege bringer held

anden, ein heil skokk av gåsehud løfter seg opp på tærne, slegga

svingar fram, jordkloten snurrar i si finurlege bane, skrur seg inn

i vinkelen, utakbart.