JOHAN KAGGESTAD – TIL MINNE. AV ARNE RUSET

du var murane i dette forunderlege huset, bygget
som husa dei som med di hjelp
klarte å tøye seg
lengst opp mot himmelen

du var veggane som verna dei for vinden, du
var taket som held dei tørre for regnet, du
løfta dei endå lenger opp
med den tilkjempa klokskapen din,
i dette forunderlege huset som du
år for år, stein for stein, reiste

og no får du kvile, sjølv om minnet om deg
framleis susar langs franske landevegar, og
augneblinkane du forløyste på tartanen,
framleis bryt målsnorene fremst i laget

Skrevet av Arne Ruset (f. 1951). Siste bok: Eg kom ikkje heim før det vart natt (2023)