EIN SKIHOPPAR (TIL CLAS BREDE BRÅTHEN) – AV ARNE RUSET


Ver djerv, der
du står på kanten av avgrunnen.
Gapet ligg der for at du
skal overstige det.
 
Ver sterk, slik
du alltid er sterk.
Set lit til deg sjølv, og
til oppdrifta frå alle oss
som elskar svevet.
Då har sjølv tyngdekrafta
noko å frykte i deg.
 
Ver djerv.
Ver sterk.
Vi treng deg no.
 
No
når anklagande røyster ropar
i skogen, og
mørket brettar seg
om alle berg.