Solstikk i Aten – Else Marie Vestrum Olsson

Sola stikk
murpuss drys
eit tapt program
raslar i svidd gras
ein falma vimpel klynkar
metall skrik i ei rusta stong.
Men lydlaust listar katten
i skuggen under tribunen
no er det han som herskar;
han går sine eigne vegar – utan ed, mager, einsam.
Borte er publikums brøl og atletars sigersdans.
Usynleg entrar Nemesis scena, knip med augo og ser
over alt, gjennom alt, attom alt.
Komen frå Rhamnous i nord ned til Aten
der arven frå oldtida stolt står
side om side med hybris’ ferske ruin, Olympiske Leikar 2004.
Rekninga lyer som spott i amfiet,
det er ikkje talekoret vi høyrer, men Nemesis no,
for dei som ikkje såg sanninga lenger framme.
Ho er hemnen i tall og tale der nokon tente og nokon tapte;
då alle reiste frå festen og ingen såg seg attende,
men dro til den neste byen fire år, åtte år, tolv år etter.