Nesten – Else Marie Vestrum Olsson

Nesten kan ikkje tolest –
er som å sjå si forelsking
sjå åt det andre haldet.
Nesten et deg innanfrå, et
seg djupt som eit sviande
brannsår i kroppen.
Nesten kviskrar i puta
i vonlause netter, kviskrar
du får ikkje sove.
Nesten eig deg meir enn …
du trudde var mog’leg, eig
frå dagen du skoda målet.