Bryne stadion presentert av Nils Henrik Smith

Fjerde forfattar ut i vår stadionenquete er Nils Henrik Smith, fødd i Stavanger, oppvaksen på Bryne. Smith fekk Tarjei Vesaas debutantpris for romanen «Manhattan Skyline» i 2007. Han har også skrive skarpsindig om fotball i Josimar. Og er ein likandes kar.

Nils Henrik Smith
Nils Henrik Smith. Foto: Ørjan Johansen, Garborgsenteret.

1. Beliggenheit

Bryne stadion ligg plassert slik eit stadion skal, det vil seie midt i byen, like aust for Jærbanen knapt ein kilometer frå Bryne stasjon. Arenaen ligg i skjeringspunktet mellom småborgarlege byggjefelt i sør og aust, byens kommersielle sentrum i nord og div. industriverksemder langsetter jernbanelinja. På gode dagar, når vinden bles frå vest, kan ein frå tribuna kjenne duft av hav. Som kjent regnar det ofte på Jæren, men på stadion er det alltid sol, noko som medfører at den som står på ståtribuna under ettermiddagskampar, alltid får sola i auga. Solbriller er med andre ord naudvendig ekstrautstyr, på grunn av både sola og heimelagets alltid uforliknelege stråleglans.

2. Byggjestil

«If a thing is worth doing, it’s worth doing slowly», sa burleskdanserinna Gypsy Rose Lee, som rett nok hadde norsk-amerikansk far, men som meg bekjent aldri vitja Jæren. Likevel, dei vise orda hennar kan stå som eit verbalt monument over Bryne stadion, som vart innvia i 1946 og har vore i kontinuerleg utvikling heilt fram til i dag. Den låge femtitalsståtribuna i grå betong utgjer eit sobert kontrapunkt til sittetribuna i vest, som med sin absurd overdimensjonerte VIP-seksjon – den første i sitt slag i Noreg då den vart opna i 1986 – signaliserer jappetid og hybris på eit vis som er grunnleggjande ujærsk, medan flomlysmastene frå 2010 ruvar over bana som ulasegfortolkelege etterlatenskapar frå ein tapt, framand kultur.

Gypsy Rose Lee bygde ikkje Bryne Stadion
Gypsy Rose Lee bygde ikkje Bryne Stadion

3. Kølogistikk

Køavvklinga fungerer stort sett greitt, sett bort frå at det alltid er ein eldre kar foran deg i køen som har gløymt sesongkortet, eller som insisterer på å betale med kronestykke frå kong Olavs dagar, eller som har eit uforklarleg sterkt behov for å diskutere kvaliteten på kampprogrammet (og sjelsevnene til dei som har forfatta det) med billettørane osb.

4. Akustikk

Bryne stadion er ein ganske open arena, noko som medfører at
mykje av den gutturale vellyd som alltid stig opp frå ståtribuna, forsvinn av garde med vinden. Ein gong, på tidleg totusental, fekk ein litt for ivrig spirrevipp med bakgrunn frå korpsrørsla eit anfall av pubertalt overmot og tok med seg kornetten på stadion «for å skape stemning». Det skjer aldri igjen. På sittetribuna, som har tak, befinn det seg stort sett godt vaksne menn, som gjennom eit langt og strevsamt liv har lært seg å halde kjeft (vi befinn oss, som nemnt, på Jæren).

5. Pølsekvalitet

Det beste som kan seiast om pølsene på stadion, er at ein sjeldan får kjøpt dei, fordi køen i kiosken (uforståeleg nok) er for lang, og at dei heller ikkje smakar særskilt ille i samanlikning med det klubbens næringsmiddelavdeling heilt feilaktig hevdar er kaffi.

Einar Braut. Ein av mange legendariske kvinnebedårarar på Bryne Stadion
Einar Braut. Ein legendarisk kvinnebedårar på Bryne Stadion

6. Kvinnetettleik

Miljøet på stadion er arketypisk maskulint, noko som sjølvsagt verkar forlokkande for relativt mange kvinner. Det hjelper óg at ein veritabel prosesjon heilt usedvanleg kjekke menn – Børre Meinseth, Einar Braut, Dejan Pavlovic etc – har representert klubben opp gjennom åra.

7. Graskvalitet

Klimaet på Jæren er fuktig og mildt, og graskvaliteten følgjeleg utmerkt. Bryne hadde i mange år tradisjon for å herje vilt om våren, når motstandarar vane med å trene på grus og i gjørme ikkje klarte å omstille seg til finspel på den forlokkande, grøne grasmatta, men med kunstgrasets inntog i norsk fotball er denne tidlegare heimefordelen no betydeleg svekt, diverre.

Kaizer Orchestra + Bryne = sant
Kaizer Orchestra + Bryne = sant

8. Utmarsj

Klubbhuset m/ garderobefasilitetar ligg eksentrisk plassert i den tribunelause sørenden av stadion, noko som medfører at laga må marsjere ganske langt for å kome fram til sjølve banen; under denne utmarsjen har Bryne tradisjon for å skyte brystkassa fram og psyke ut motstandarane med sin overlegne fysikk. Den undersetsige muraren Rune Medalen frå Ålgård – ein møtespiss som på 90-talet oftare enn ikkje vann den svært gjeve prisen som «Dagens krigar» – var særskilt god til dette. Det musikalske akkompagnementet til utmarsjen har opp gjennom åra variert, men var stort sett alltid vore hårreisande, sjølvsagt. (Rett nok har den lokale kulturpersonlegdomen Janove Ottesen – son av tidlegare landslagsspelar Rune og sjølv eit betydeleg balltalent i sin ungdom – synt ansvar og komponert ein Bryne-hymne som ytar laget ei viss rettferd, men denne vert av uforklarlege årsaker kun unnataksvis nytta til utmarsjføremål.)

9. Klage- vs jubelnivå

Jærbuen er på same tid både kolerisk og sangvinsk, noko som medfører at vegen er svært kort mellom desperasjon og ekstase. Ein typisk tribuneslitar vil såleis ofte ytre seg slik: 18. min (vilkårleg Bryne-spelar slår håplaus feilpasning utover sidelinja): «Ha-re-gud! (…) Naj, i år æ di elendige». 19. min (Bryne scorar etter klabb og babb i feltet): «Va dæ’kkje dæ æg sae? I år rykke di opp!». 22. min (motstandar utliknar etter at sovande mann i bakre ledd soleklart opphevar offside): «Sattan, sjå på dæ der. Dommar, må fylla mæ!» Osb.

Traktorpulling og fotball går hånd i hånd på Bryne Stadion.
Traktorpulling og fotball gjeng hand i hand.

10. Speakerkvalitet

Den legendariske Kristoffer Emberland var i ei årrekke fast speaker. Han var ein sakleg mann, den einaste på Stadion. Samstundes var han til tider ekstremt distré, noko som gav publikum mange gilde stunder. Kven han fyren er som har tatt over no, veit eg ærleg tala ikkje, og det same kan det eigentleg vere.

11. Pauseunderhaldning

Ein har prøvd seg med så mangt, stort sett utan hell. (Cheerleaders høyrer ganske enkelt ikkje heime på stadion, heller ikkje tredjerangs trubadurar som kaukar mislukka supportersongar frå eit lastebil-lasteplan). Bryne er dog med ujamne mellomrom vertskap for NM i traktorpulling, og det er alltid populært når eit dusin dragrace-traktorar i gilde fargar paraderer kring indre bane.

12. Toalettfasilitetar

Ryktet fortel at det skal finnast adekvate toalett inne på Stadion Bowling, sør for sitjetribuna. Problemet er at uansett kor på stadion ein befinn seg, er det uendeleg langt dit, og køen, når ein kjem fram, er formodentleg tilsvarande lang. Følgjeleg er det tilrådeleg å avgrense væskeinntaket før og under kamp til eit absolutt minimum, og heller ta igjen det tapte etterpå.

Perleporten.
Perleporten.