Atlanten Stadion presentert av Mette Karlsvik.

I løpet av høsten byr Olympiastadion på en stadionenquete: Vi har bedt profilerte norske forfattere om å si noen ord om hjemmebanen til sine respektive favorittlag, ut i fra et dusin punkter. Først ut er Frei-forfatter Mette Karlsvik som tar for seg Atlanten stadion:  Clausenengens legendariske hjemmebane i  Kristiansund. Stadion ble åpnet i 1960 og har lagt grunnlaget for flere sentrale norske fotballspillere, med Øyvind Leonhardsen og Ole Gunnar Solskjær i spissen. Mette Karlsvik mottok Tarjei Vesaas for sin debutroman. «Vindauga i matsalen vender mot fjorden» i  Siden debuten har hun gitt ut en knippe bøker, romaner, skuespill, barnebøker. «Bli Björk» fra 2011 fikk strålende kritikker, og ble innstilt til Brageprisen. I løpet av høsten vil flere toneangivende norske forfattere presentere sine hjemmearenaer.

Foto: Tove K. Breistein
Mette Karlsvik. Foto: Tove K. Breistein

1. Beliggenhet

Berre kross-bane-kast frå turistattraksjonen Den Gule Krana i Brunsvika, er Atlanten Stadion plassert mellom det kulturelle – og dels kommersielle – og det naturmessige hjartet av Kristiansund: Atlanten Stadion har alltid havet nært. Det er der som lukta av salt, som vind som drar i andletet, og som alltid får ein til å smile. Den som reiser seg på tribuna, han ser havet. Den som sitt på haugen, ved Busstoppet, ser havet. Fasaden av stadionbygget smiler mot havet. Byen på fire – fem øyer er på sitt mest opne i strekket mellom Atlanten Stadion og Talgsjøen i vest. Haltenbanken next. Nesten berre den fantastiske fjordsiglaren Røkke Stadion i Molde

2. Byggestil

Byggestilen er kombinert. Han blandar det beste frå klassisk gerhardsensk seksti-søttitalsbrutalisme med den fargesterke sponsorestetikken frå 00 – og 10 – tala. Flaks for Atlanten Stadion, står sponsorar som oljeselskap og sparebankar sterkt; selskap som ikkje er av dei mest glorete i fargevalet. Men underteiknande sin siste befaring var i god tid før siste regjeringsval. Då blas duskregn og sjøsalt stadig inn frå venstre, frå Talgsjøen, og farga alt i duse, duggete og manfaldige gråtonar.

3. Kølogistikk

Avvekling av kø avheng av vindretning og – styrke.

4. Akustikk

Akustikk varierer med vindretning og – styrke.

5. Pølsekvalitet

«Pølsemakerne» var eit band frå Freiøya, kommunen som no er ein del av Kristiansund. «Pølsemakerne» var eit litt progga pønkband, og var heite på midten av nittitalet. Dei spelte nokre fleire grep enn tre, men høyrte sjølv både på enkel pønk, og på slikt som Yes og Pink Floyd. Namnet har eg ikkje spurt dei om. Men at dei forholder seg til ein kristiansundsk pølsemakartradisjon er ikkje utenkeleg. Brothner og Skram var viktige pølsemakarar og handelsmenn. Gaupset er den slakteren som mor mi og min generasjon fekk medisterdeigen frå. Sjå etter Gaupsetpølser, i boden, med brød frå Sevaldsen. Uslåeleg, og kanskje ein av grunnane til dei mange fotballtalenta som kjem frå byen.

Nøkkelen til Kristiansunds fotballsuksess? Gaupsets pølser. Foto: Georg Mathisen
Nøkkelen til Kristiansunds fotballsuksess? Gaupsets pølser. Foto: Georg Mathisen

6. Kvinnetetthet

Under den store Frei Frivilligheitsundersøking 1987, var ein av delkonklusjonane at 80% av alle barn i barneskular på Frei var medlem av fotballag. I storskulen var prosenten opp mot 85, og det var praktisk talt heilt jamnt mellom gutar og jenter. Det er nærliggande å tru at likskapen i fotballaktiviteten hos ungar vil vise seg også på publikumsplass under kampar. Men eg har ikkje funne noko statistikk på tema.

7. Gresskvalitet

Grasologen som utvekla graset for Atlanten Stadion gjer greie for seg: Den siste gangen vi la gress i midtrabatt, valgte vi faktisk golfbanegress, et som vokser godt, men ikke høyt, som blir tett og binder jorden godt, og som tåler røff behanding. Bare 10% er av tofrøbladede gressarter. Resten: ordinært.

8. Utmarsj

Utmarsj varierer aldri med vindretning og – styrke. Han skjer alltid med orden i rekkene, og aldri surt, alltid med.

9. Speakerkvalitet

Rune Edøy er ein legendarisk sportsreportar og – redaktør for lokalavisa Tidens Krav, og er ein av Atlantens stemmar. Hans stemme er å lese i avisspaltene, å høyre på TK-TV, og stundom var han å høyre over speakeranlegget også. Edøys kommentatorstil har den kvalitet at det er han gir alle hendingar ei farge av sjokk, ei sterk farge, eit ørefang, denne stemma. Det er ikkje heilt ulikt verknaden Kristiansunds Sprint-konge Stein Ohr har hatt. Ungdomsskulelærar Ohr har kontekstualisert kvar sportshending til så stor grad at lag – og dette døme også individ – gløymer heilt om dei vann eller tapte. Ohr hadde gjort dagen, kampen, øvinga eller cupen så mykje større enn Atlanten Stadion. Speakerkvalitet varierer med årstid, med vêr og vind. På dagar med søraustleg bris og opphald, finnst ikkje betre speaker enn han på Atlanten Stadion.

Øyvind Leonhardsen. Norsk fotballegende som starter karrieren på Atlanten stadion.
Øyvind Leonhardsen. Norsk fotballegende som starter karrieren på Atlanten stadion.

10. Pauseunderholdning

Alltid frisk bris, minst. Oftast frå nordvest, gjerne opp mot kuling. Ein og annan lykkeleg dag berre flau vind. Men veret er aldri kjedeleg der ute i havgapet.

11. Toalettfasiliterer

Toaletta er ei stor, estetisk oppleving. Brutalismen frå den eldste delen av eksteriøret er bevart i deler av interiøret. Om du leiter godt, og går langt nok ned trappene, til dei eldste delene av anlegget, finn du toaletter av Porsgrunns Porselen, med opphavelege emaljerte, eggekvite fliser, og her og der nokre sprekkar i målinga, der ein ser inn til betongen, den tørste byggesvampen, som var grunnen til at så mykje av bygget måtte bli nytt.

12. Sett opp din marerittellever på Atlanten Stadion eller internasjonalt, for den saks skyld

På benken: Bonusspørsmålet.

Drømmelaget snudd på hovudet? Mitt marerittlag?

Eg såg ein gong det italienske fotballandslaget spele. Då vart eg utålmodig. Dei spelte for lite, og lata som at dei ramla og som at dei vart sparka. Ein del skodespel, ein del diktning.

Atlanten Stadion i hjertet av Kristiansund.
Atlanten Stadion i hjertet av Kristiansund.